Bodil Maroni Jensen

Overtydande musikk «frå inkje»

Covent Garden-operaen i London satsar kompromisslaust med operaen Morgen und Abend av Jon Fosse og austerrikaren Georg Friedrich Haas.

Melding frå verdspremieren fredag 13. november 2015.

Tekst: Bodil Maroni Jensen   Foto: Clive Barda/ Royal Opera House

Ein legg merkje til det med ein gong ein kjem inn i den staselege salen i Royal Opera House. To enorme slagverksoppstillingar har okkupert plassen på 1. balkong på båe sider nærast scena. 60 sete er i tillegg sperra av, openbert for å skåna publikums øyrer. Ei stille varar nokre sekund medan lyset dempast, gull og purpur viskas ut, og svakt belyste gråkvite rekvisittar trer fram på scena, skap, seng, stolar, ein båt. Slagverkarane står med heva arm og kvar si kjempeklubbe i handa. Likevel støkk vi. Slaga drønner vilt og asynkront. Når dei stansar, har tette strykartoner og snart også ordlause menneskerøyster (frå eit kor vi aldri får sjå) lagt seg om oss som eit vern mot nye utbrot vi skjønar vil koma.

Jon Fosse har skrive librettoen Morgon og kveld etter romanen av same namn. Den handlar om Olai, som ventar på at barnet sitt skal bli fødd, og om den dagen da sonen, Johannes, døyr etter eit langt liv. Georg Friedrich Haas’ særmerkte tonespråk skapte eit undringsrom om historia og eit sitrande nærvære til overgangen «frå inkje til inkje». Ein storarta framføring skapte også eit merkbart alvor i salen.

Monolog

Klaus Maria Brandauer i monologen som Olai

Det byrjar med at Georg Friedrich Haas lèt Olais uro og redsle for kva som går føre seg der inne hos kona og jordmora, vart framførd av ein skodespelar (Klaus Maria Brandauer). I innpå tjue minutt sit ein hjelpelaus mann aleine på scena og talar, medan – forstår vi meir og meir – fødselen går føre seg i kor- og orkesterklangen. Det er fyrst når jordmora kjem inn på scena og melder at Olai har fått ein son, at songen kjem. Slik vert musikken og songen forbundne med livsmysteriet og fødselen, medan Olai, som var utanfor fødselen og ikkje kunna gripa inn, derfor heller ikkje kunna framstillast av ein songar. Ja, er vi i eit operahus, må det vera ein grunn til at ein ikkje syng. Grunnen var slåande. Fødselen er ouverturen. Herifrå og ut er det opera.

Språkleg skifte

I det Olai går ut av scena, kjem sonen, Johannes, inn. Skodespelaren har tala engelsk, nå syngjast det på tysk. Dette valet er ikkje like overtydande som det førre. Men tekstinga til engelsk bidreg til meir enn rein omsetjing. Bokstavane vert projisert på ein usynleg bakvegg på scena, dei heng i lause lufta, kjem nokre gongar på linje, andre gongar i bølgjande bevegelse. Jon Fosses tekst får skine som dikt, teke inn som del av scenografien.

Gnistrande tonar

Christoph Pohl i rolla som Johannes

Georg Friedrich Haas er kjend for å skriva mikrotonal musikk (der tonane ligg mykje tettare enn i ein vanleg skala), så kjend at ein forventar det same her, i debuten hans på hovudscena i eit av dei store operahusa i Europa. Men nei. Mikrotonar er endå for krevjande for eit tradisjonelt orkester å meistra, forteljar han. Merkeleg då korleis Haas får det til likevel, å skriva noko som liknar den forunderleg vakre musikken som har gjeve han ry som ein av samtidsmusikkens fremste og mest originale, når han her stort sett berre brukar dei vanlege tonane. Men han har sine måtar å gjere det på. Han lar orkesterklangen bevega seg trinnlaust opp og ned, og i møtepunkta med fikserte tonar frå songarane, gnistrar det i lydkorn. Songarane nytter også ein slags talesong med improvisert melodi, der dei naturleg kjem innom ein mengd mikrotonar på vegen. Elles syng dei i ekspressive sprang eller det motsette: melodiramser med regelbunden rytme, der dei syng på kvar halvtone oppover i lange banar, og så nedover att. Eit uttrykk så insisterande og på eit vis så upoetisk at det igjen skapar kontrast, her til det bølgjande orkesteret.

Johannes syngjast av den tyske barytonen Christoph Pohl, med den vakraste stemma ein tenkja kan, der ein sit og opplever denne karakteren som den mest truskyldige på jord. Å, kor det er godt, og vondt, å fylgja ham, der han mistar grepet og saknar så rørande sterkt sine kjære. Å framføra dette utan sentimentalitet er også regissøren Graham Vicks forteneste.

Tyngd og flyt

Rullande dønningar i orkesterklangen endrar saumlaust intensitet og farge ved skifte mellom forskjellege instrumentypar. Å skapa desse skimrande, vibrerande, hamrande og bankande formasjonane, er fyrsteklasses handverk. Å balansera her, utan å slå teksten i hel, visar Haas’ djupe forståing av teksten. Når Fosses ord tvert imot kan løfta eit musikalsk språk med ein slik eigentyngd, har me eit operapar her som går usedvanleg godt saman.

 

Helena Rasker som Erna, Christoph Pohl som Johannes, Will Hartmann som Pete

Fakta:

Morgon und Abend, verdspremiere 13. november 2015 i Royal Opera House, London
Klaus Maria Brandauer (Olai), Christoph Pohl (Johannes), Will Hartmann (Peter), Helena Rasker (Erna), Sarah Wegener (Signe)
Royal Opera Houses kor og orkester
Dirigent, Michael Boder
Regi, Graham Vick

Publisert i Dag og Tid 20. november 2015

Legg igjen en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.