Magnar Åm er en av komponistene jeg har valgt ut til mitt prosjekt «Stemmer i samtidsmusikken». Lørdag snakket vi sammen om hans kunstsyn, livssyn og tro. Da sa han blant annet dette:
… og det er nettopp denne mangelen på erkjenning av at vi er eitt menneske. Me har den forestillinga at me er skilde og konkurrerar om å leve, noko som for meg står som eit bedrag. Viss me var villige til å sjå oss som del av det same vesenet, så ville me sjå at det å øydelegge nokon annan, det er jo berre å øydelegge seg sjølv. Spesielt no i desse krigsdagane, så er det kome dettande som et begrep, at vi er eitt menneske.
Og i dag fikk jeg denne e-mailen fra Magnar Åm, som jeg gjengir med tillatelse:
Korleis taklar me å stå utanfor denne kampen mellom sanning og usanning, mellom fridom og tvang? Eller kanskje står me ikkje utanfor; kanskje er det ein kamp i oss me berre kjenner så altfor godt igjen når me ser den utspele seg på ei slagmark? Difor er deira fortviling mi fortviling, deira sorg mi sorg. Men eg har i motsetning til dei privilegiet å kvile i min fridom. Kan eg då på grunn av den kvila vere ein styrke for dei?
Viss eg skal ta konsekvensen av mitt djupaste syn om at me er eigentleg berre eitt menneske på planeten, då kan vel eg vere like mykje til stades der dei er som der eg er, og då med min stadig oppfriska kontakt med samanhengskrafta kunne blande meg med dei og styrke nettopp den i dei også?
Samtidig må eg kunne ta rundt den vesle, redde, aggressive krabaten som skaper elendet og halde han fast til han skjønar at me er eitt menneske og at skadar me «den andre», så er det oss sjølv me skadar.
Eg fekk eit tips frå ein av songarane i koret om å arrangere den ukrainske nasjonalsongen for dei, slik at me som kor også kan foreine oss med det ukrainske folket gjennom song. Då tok eg like godt og kopla den med vår eigen nasjonalsong for å vise kor tett me er vovne saman på jord.
Bruk den gjerne, viss du står i eit kor!
Den ukrainske melodien har eg skrive ned etter slik Ruslana song den ved opninga av ein boksekamp. Her er videoen på songen: https://youtu.be/t06ngJezp3s
Der kan ein også høyre korleis den ukrainske teksten skal uttalast. Den engelske teksten er ei poetisk omsetting frå Wikipedia, som det også går fint å synge på.
Beste helsing Magnar